Elektrikar/ Automatikar/ Mekanikar
Posted on Nov. 14, 2025 by Helse Bergen
- Grimbergen, Norway
- N/A
- nan
Teknisk avdeling forvaltar Helse Bergen HF si bygningsmasse med tilhøyrande utstyr og anlegg. Avdelinga har 140 tilsette, fordelt på mange faggrupper med høg kompetanse innan moderne byggningsdrift. Dei fleste arbeider ved Haukeland universitetssjukehus.
Transportteknisk er ein seksjon i Teknisk avdeling som har ansvar for forvalting, drift og vedlikehald av transportteknisk materiell ved sjukehuset. I dette inngår automatisk transportanlegg, røyrpostanlegg, tøy-/avfallsug, kassettransportør, elektriske truckar og trekkvogner. Seksjonen har og ansvar for drift og vedlikehald av heisar og rulletrapper. Det er 12 tilsette ved seksjonen.
30.11.2025
Helse Bergen HF
Fagarbeidar
2
Fast
100
5041684402
Arbeidsoppgåver
- Hovudarbeidsområdet for denne stillinga er drift og vedlikehald av automatisk transportanlegg, røyrpostanlegg, kassettransportør, elektriske truckar og trekkvogner. Ei gruppe i seksjonen med 6 tilsette driv og utfører vedlikehald på anlegga, difor blir det lagt vekt på gode samarbeidsevner
Kvalifikasjonar
- Vi søker ein person med fagbrev innen elektro, automasjon eller mekanisk
- Arbeidet krev erfaring med vedlikehald av mekanisk utstyr som inngår i automatiseringsanlegga
- Generell forståing for elektro/automatikk og mekanikk
- Det vil vere ein fordel med kompetanse innan PLS og elektroutstyr som inngår i slike anlegg
- Førarkort kl. B
Personlege eigenskapar
- Vi legg stor vekt på personleg egnethet for å sikre at den nye medarbeidaren passar godt inn i vårt eksisterande arbeidsmiljø
- Det er krav om god skriftleg og munnleg formuleringsevne
- Sjølvstendig og god på samarbeid
- Gode kommunikasjonsevner
- Søkar må kunne nytte PC-basert verktøy
- Det blir lagt vekt på at søkar er sørvisinnstilt i forhold til kundane våre og til samarbeidspartnarar
- Ved arbeid på kveld og helg vil ein arbeide aleine, difor er det viktig at den tilsette kan arbeide sjølvstendig
Vi tilbyr
- Ved seksjonen er det turnusordning som omfattar kvelds- og helgearbeid
- Turnusen går over alle dagar i året og har ein syklus på 6 veker. I denne syklusen ligg 5 kveldsvakter og ei helgevakt
- Lønn etter avtale
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Fagleg og personleg utvikling
- Triveleg arbeidsmiljø med høgt fagleg nivå
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Advertised until:
Dec. 14, 2025
Are you Qualified for this Role?
Click Here to Tailor Your Resume to Match this Job
Share with Friends!
Similar Internships
No similar Intern Jobs at the Moment!