FIND INTERNSHIPS

Rådgivar - Datahandtering Og Statistikk I Kliniske Studiar

Posted on Nov. 7, 2025 by Helse Bergen

  • nan

Rådgivar - Datahandtering Og Statistikk I Kliniske Studiar

Om stillinga

Har du interesse for datakvalitet og statistiske analysar i klinisk forsking? Vi søker ein rådgivar som skal styrke arbeidet med datahandtering i kliniske studiar, med fokus på kvalitetskontroll av statistisk programmering og analysar i tråd med gjeldande regelverk, inkludert ICH-GCP versjon 3.

Som klinisk datahandterar (Clinical Data Manager) vil du inngå i eit tverrfagleg forskingsstøttemiljø som følgjer studiar gjennom heile studieløpet – frå planlegging og datainnsamling til validering og avslutning. Stillinga inneber tett samarbeid med forskarar, studiekoordinatorar, monitorar og statistikarar for å sikre robust og sporbar datahandtering og dokumentasjon.

Stillinga er tilknytt eininga Forsking og Innovasjon (FoI) i Forskings- og utviklingsavdelinga. FoI er eit regionalt kompetansemiljø med stabs- og støttefunksjonar for klinisk forsking, innovasjon og helse- og kvalitetsregistre. Vi har 65 medarbeidarar innan medisin, helsefag, ikt, statistikk, jus, økonomi og forvaltning. Hos oss får du anledning til å utvikle deg fagleg og bidra direkte til at kliniske studiar held høg kvalitet, følgjer regelverk og beste faglege praksis (Good Clinical Practice).

Nøkkelinformasjon
Søknadsfrist:

24.11.2025

Arbeidsgivar:

Helse Bergen HF

Stillingstittel:

Rådgivar - datahandtering og statistikk i kliniske studiar

Stillingar:

1

Heiltid / Deltid:

Heiltid

Tilsetjingsform:

Fast

Stillingsprosent:

100

Webcruiter-ID:

5038879759

Del på X


Del på Facebook

Arbeidsoppgåver

  • Planlegge og sette opp elektronisk datainnsamlingssystem (eCRF) for kliniske studiar, inkludert variablar, valideringsreglar og audit trail (vi nyttar VieDoc)
  • Utarbeide og vedlikehalde studiespesifikk dokumentasjon, som datahandteringsplan og datavalideringsplan
  • Sikre datakvalitet gjennom validering og verifisering av databasar og datasett før analyse
  • Koordinere og gjennomføre datarelaterte prosessar i studieløpet, inkludert samanstilling av datasett, avvikshandtering og spørring
  • Utføre kvalitetskontroll av statistisk programmering og analyser (ICH-GCP versjon 3), inkludert kontroll av utvalsstørrelse, variabeldefinisjonar, analyseresultat og metadata
  • Rettleie forskarar og studieteam i god praksis for statistisk databehandling, dokumentasjon og regelverk
  • Ved behov kunne utføre andre oppgåver som ligg til Forsking og innovasjon

Kvalifikasjonar

  • Mastergrad, gjerne innan statistikk, informatikk, dataanalyse, biomedisin eller tilsvarande relevant fagområde
  • Erfaring med statistisk analyse og/eller statistisk programmering (t.d. R, Stata eller SPSS)
  • Interesse for, eller erfaring med, datahandtering i kliniske studiar og bruk av elektroniske datainnsamlingssystem (eCRF)
  • Kunnskap om, eller motivasjon for å setje seg inn i, regelverk for kliniske studiar (ICH-GCP, helseforskingslova m.m.)
  • Erfaring med arbeid i tverrfaglege team og prosjektbasert arbeidsform
  • Særs gode ferdigheiter i skriftleg og munnleg kommunikasjon på norsk

Personlege eigenskapar

Personlege eigenskapar blir vektlagt.

  • Systematisk og nøyaktig, med god forståing for kvalitet og detaljar i databehandling og statistikk
  • Sjølvstendig og ansvarsbevisst, med evne til å prioritere og gjennomføre oppgåver
  • Rask til å sette seg inn i nye verktøy, metodar og fagområde, med lyst til å lære og utvikle seg
  • Gode samarbeidsevner og vilje til å dele kunnskap med kollegaer i tverrfaglege team

Vi tilbyr

  • Ei stilling med utfordrande og meiningsfylte oppgåver
  • Kompetente og engasjerte kollegaer i eit tverrfagleg og godt fagmiljø
  • Stor moglegheit for fagleg utvikling
  • Fleksibel arbeidstid
  • Lønn etter avtale og gode pensjons- og forsikringsordningar

For særskilt kvalifiserte søkjarar kan også stillingstittel biostatistikar eller spesialrådgivar bli vurdert


Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.




Adresse:
Haukelandsveien 22, 5021 Bergen, Norge
(i ny fane)

Kontaktinformasjon

Anne Mathilde Henden Kvamme
Fagleiar
Telefon:
90655238
E-post:
anne.mathilde.henden.kvamme@helse-bergen.no

Om arbeidsgivaren

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.


Advertised until:
Dec. 7, 2025


Are you Qualified for this Role?


Click Here to Tailor Your Resume to Match this Job


Share with Friends!

Similar Internships


No similar Intern Jobs at the Moment!