FIND INTERNSHIPS

Reinhaldsoperatør/ Assistent

Posted on Jan. 6, 2026 by Helse Bergen

  • Part Time

Reinhaldsoperatør/ Assistent

Om stillinga

Hospitaldrift er ei av avdelingane i Drift-/teknisk Divisjon i Helse Bergen HF, og leverer ikkje-medisinske tenester og -produkt til føretaket. Hospitaldrift leverer forsyningstenester og varemottak, pasienttransport og andre interne transporttenester, mat til pasientar, pårørande og tilsette, reine tekstilar og senger, dagleg reinhald og andre reinhaldstenester, tryggleikstenester og sentralbordtenester. Hospitaldrift har 8 einingar og om lag 750 medarbeidarar.

Hospitaldrift Reinhald er ei av desse einingane. Reinhald har som oppgåve å utføre dei reinhaldsoppgåvene som Helse Bergen har behov for. Eininga er delt i åtte seksjonar og har ca. 350 tilsette.

Ved seksjon 4 har vi ledig 1 x 100% fast stilling og 1 x 80% fast stilling. Arbeidsstad vil vere i Bergen og omland, samt Haukelandsområdet. Reinhaldet skal utførast i lokasjonar for rus og psykiatri.

Er du ein roleg person med som likar å ha det reint rundt deg? Er du strukturert med eit vakent auge for detaljar? Er du ein som yter god sørvis og likar eit hektisk miljø? Då er du kanskje medarbeidaren vi søker.

Nøkkelinformasjon
Søknadsfrist:

31.01.2026

Arbeidsgivar:

Helse Bergen HF

Stillingstittel:

Assistentstilling

Stillingar:

2

Heiltid / Deltid:

Heiltid, Deltid

Tilsetjingsform:

Fast

Stillingsprosent:

100, 80

Webcruiter-ID:

5060667023

Startdato:

01.02.2026

Del på X


Del på Facebook

Arbeidsoppgåver

  • Dagleg reinhald med mopp/maskin
  • Reingjering av poliklinikkar, kontor, pasientrom, sanitærrom og fellesareal
  • Smittereinhald
  • Vaskerioppgåver
  • Portørteneste
  • Førefallande arbeid
  • Gjennomføring av pålagde kurs

Kvalifikasjonar

  • Vi søker personar over 18 år med interesse og praktisk erfaring frå reinhaldsfaget
  • Må kunne nytte IKT verktøy
  • Ha evne til å sjå samanheng mellom forbruk og økonomi
  • Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må kunne dokumentere ferdigheiter i norsk på minimum B2/NOR-U3- nivå eller høgare. Dokumentasjon må leggast ved søknad
  • Det er ikkje krav til fagbrev, men søkarar med dette er av stor interesse
  • Ønskeleg med førarkort kl. B

Personlege eigenskapar

  • Du er positiv, løysingsorientert og fleksibel
  • Du er punktleg og ønsker å levere god kvalitet
  • Du likar ein fysisk aktiv arbeidsdag
  • Du er målbevisst, ryddig og systematisk
  • Du har auge for detaljar og ser moglegheiter
  • Du likar å bidra til eit godt arbeidsmiljø saman med ulike nasjonaliteter
  • Du har gode samarbeidsevne og likar mennesker rundt deg
  • Det vil bli lagt vekt på personleg egnethet

Vi tilbyr

  • Lønn i henhald til gjeldande overeinskomst
  • Interne kurs- og utviklingsmoglegheiter
  • Bedriftsidrettslag
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Full opplæring i forhold til arbeidsoppgåvane
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
  • Veldreven organisasjon med eit godt arbeidsmiljø :-)
  • Ein kultur der vi støttar kvandre og der vi ser ulikheiter som noko positivt


Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.




Adresse:
Haukelandsveien 22, 5021 Bergen, Norge
(i ny fane)

Kontaktinformasjon

Vibecke Helen Engesæth Nilsen
Seksjonsleiar
Telefon:
46838392

Om arbeidsgivaren

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.


Advertised until:
Feb. 5, 2026


Are you Qualified for this Role?


Click Here to Tailor Your Resume to Match this Job


Share with Friends!

Similar Internships


No similar Intern Jobs at the Moment!