Sommarvikar Hos Nrk Vestland I Bergen
Posted on Nov. 27, 2024 by NRK
- Grimbergen, Norway
- N/A
- Full Time

NRK Vestland treng sommarvikarar
NRK Vestland søker sommarvikarar til nyhenderedaksjonen i Bergen. Vi ser etter deg som vil lage saker frå Vestlandet til eit nasjonalt publikum på nrk.no, og til sendingane vår på radio og tv. Reportarar i NRK Vestland leverer også saker til nasjonale program som Nyhetsmorgen og Dagsrevyen. Vi treng i tillegg sommarvikarar som vil jobbe med live radio eller tv, som programleiarar, deskreportarar, livereporter eller i andre funksjonar.
Du bør ha litt erfaring frå journalistisk jobbing i ein redaksjon frå før. Vi vurderer søknader forløpande, så søk gjerne tidleg!
Arbeidsoppgåver
- Lage nyhendesaker til nett, radio, TV
- Jobbe med løpande nyhende på desk
- Rykke ut på hendingar og rapportere live
- Jobbe i felt og levere lyd, bilete og video til alle våre plattformer
Vi leitar etter deg som
- Er samfunnsengasjert og har eigne idear til saker
-
Jobbar raskt og effektivt
- Er glad i utfordringar og å prøve nye ting
- Har eit godt språk munnleg og skriftleg (nynorsk og/eller bokmål)
- Har litt erfaring frå journalistisk jobbing i ein redaksjon
Har du erfaring som programleiar, livereporter eller deskreporter og ønsker å jobbe med live radio eller tv ? Skriv det i søknaden.
Vi tilbyr
- Eit god arbeidsmiljø med eigen ung-gruppe
- Jobb i ein spanande nyhenderedaksjon der du får erfaring med og opplæring i både nett, TV og radio
- Moglegheit til å lage saker som når folk i heile landet
Du må rekne med både morgon-, kvelds- og helgevakter i løpet av sommaren.
Vi søker også etter sommarvikarar til redaksjonen vår i Førde (sjå eigen annonse). Det kan også vere aktuelt for sommarvikarar å jobbe frå lokalkontora våre i Sogndal, Nordfjord, Odda eller på Stord. Ønsker du å jobbe frå ein av desse stadane, skriv det i søknaden.
Kontaktinformasjon
NRK skal styrke demokratiet og samle og engasjere alle som bur i Noreg. Dei grunnleggande verdiane våre er å vere opne, modige og truverdige. For at vi skal lykkast med det omfattande oppdraget vi har fått som allmennkringkastar, treng vi medarbeidarar med forskjellig erfaring og bakgrunn.
Vil du jobbe saman med oss for å skape godt og viktig innhald som treffer alle som bur i landet vårt?
NRK er omfatta av Offentleglova sine paragrafar om rett til innsyn i søkjarlister. Søkjar må grunngje eventuelt ønske om unntak. Dersom unntak ikkje blir akseptert, vil søkjar bli varsla og kan eventuelt trekkje søknaden.
Advertised until:
Dec. 27, 2024
Are you Qualified for this Internship Role?
Click Here to Tailor Your Resume to Match this Job
Share with Friends!
Similar Internships
No similar Intern Jobs at the Moment!