Vil Du Bli Fastlege Med Nordsjøturnus, Ved Eit Velorganisert Legekontor I Hjarta Av Ryfylke?
Posted on Nov. 14, 2025 by DeepOcean
- Sassandra, Norway
- N/A
- Full Time
Eidsvegen 3, 4230 Sand
Om jobben
Stillingstittel
Fastlege
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig
Søk senest søndag 30. november
Suldal kommune har ledig intervallstilling som fastlege («Nordsjøturnus») frå februar 2026. Hos oss kan du kombinere ein periodevis hektisk jobb som fastlege med eit kvardagsliv som gir deg rom for å kople av både i naturen og i det urbane bygdemiljøet.
Om eininga
Suldal legekontor har åtte fastlegar og ein LIS1-lege. Fire av legane jobbar i intervallstillingar.
Legekontoret er samlokalisert med ergo-/fysioterapi, helsestasjon og Frisklivsentral, og ligg tett på sjukeheim, heimeteneste og psykisk helse. Me har eit godt fagmiljø og legg vekt på tverrfagleg samarbeid.
Korleis kan du lukkast og trivast hos oss?
Du trivst med varierte oppgåver, er fagleg trygg og samarbeider godt med andre. Du har evne til å ta ansvar og bidra til utvikling av gode helsetenester.
Kva kan me tilby som arbeidsplass?
- Gode arbeids- og lønsforhold
- Intervallordning som gir fleksibilitet
- Aktivt fagmiljø med fokus på samarbeid
- Unike ordningar for kompetanseutvikling og utdanning
- Aktivt velferdsutval med sosiale aktivitetar
- Me er ein LEAN-kommune med fokus på utvikling
- Allmennpraksis med pasientliste (listetak 570)
- Deltaking i legevakt (6-delt vakt)
- Kommunale oppgåver
- Tverrfagleg samarbeid med helsepersonell
- Andre oppgåver i tråd med eininga sitt behov
Me ser etter ein fagleg dyktig og samarbeidsorientert lege.
Formelle krav:
- Norsk autorisasjon som lege
- Må kunne delta i legevakt
- Me nyttar nynorsk i all skriftleg kommunikasjon. Er nynorsken litt rusten? Ikkje la vera å søk! Me hjelp deg med å friske opp kunnskapane.
Om Suldal kommune
I Suldal kommune er det ikkje berre vasskrafta som er sterk – her finn du også menneskekraft, naturkraft og kulturkraft. Me er stolte av å vere Noregs største kraftkommune, med Kvilldal – landets største kraftstasjon – og Blåsjø, det største vassmagasinet i Nord-Europa.
Men krafta i Suldal handlar om meir enn energi. Det handlar også om dei levande småbygdene, dei engasjerte innbyggjarane og det rike kulturlivet.
Her kan du:
- Utforske Stranddalen, Gullingen og Suldalslågen – perfekte for fjellturar, fiske og friluftsliv
- Oppleve laksesafari, dagsturhytter, frisbeegolf og verdas beste jordbær frå Jelsa
- Delta i kulturlivet på Kulturhuset, Ryfylkemuseet eller Suldal bad
- Nyte lokalmat, gardsutsal og små eventyr i kvar ei grend
Les meir om Suldal her
Kontakt:
Adriaan van Ruiven, einingsleiar
Telefon: 454 22 697
E-post: adriaan.van.ruiven@suldal.kommune.no
Andre ressursar som kan nyttast
- Velkommen til Kraftlaget – podkasten som tek deg med inn i kvardagen til dei som får kommunen til å gå rundt.
- Les om Kraftlaget i Suldal kommune
- Film om jobb i Suldal kommune
- Film om prøvebu ordninga
- Film om jobb i Suldal kommune
Kontaktperson for stillingen
Adriaan van Ruiven
Einingsleiar
+47 45422697 +47 52792318
Adriaan.van.Ruiven@suldal.kommune.no
Om bedriften
Suldal legekontor er organisert under eining Helse. Legekontoret har eit ungt og framoverlent arbeidsmiljø, nyoppussa moderne lokale, og tilbyr gode arbeids- og lønsforhold. Tverrfagleg arbeid er sentralt for oss og legekontoret er samlokalisert med ergo-/fysioterapi, helsestasjon og frisklivssentral. Suldal sjukeheim, heimetenesta med bestillarkontor og psykisk helse ligg òg i nær tilknytting til legekontoret.
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Stillingsnummer
9375ad5a-399e-40f4-9807-a597e984e067
Sist endret
14. november 2025
Hentet fra
visma-easycruit
Referanse
3563815_204005_nn
Lignende annonser
Har du lyst til å bli ein del av hjarta i Suldal kommune
Konsulent/spesialkonsulent
Arbeidsgiver
Suldal kommune Organisasjon og innbyggarkontakt
Sted
Sand
Lege til Rogaland
Fastlege til Rogaland søkes
Arbeidsgiver
LegeLeasing Norge AS
Sted
Rogaland
Helsefagarbeidar
Arbeidsgiver
Suldal kommune Suldal sjukeheim
Sted
Sand
Advertised until:
Dec. 14, 2025
Are you Qualified for this Role?
Click Here to Tailor Your Resume to Match this Job
Share with Friends!
Similar Internships
No similar Intern Jobs at the Moment!