Bli Kokken Som Set Smak På Helsa!
Posted on April 17, 2026 by Helse Bergen
- Grimbergen, Norway
- N/A
- nan
Vil du lage mat som betyr noko – kvar einaste dag?
Hospitaldrift Matforsyning ved Haukeland universitetssjukehus er eit av Noregs største produksjonskjøkken. Kvar dag lagar vi rundt 2 700 porsjonar til pasientar, pårørande og tilsette – mat som både skal gi energi, tryggleik og ei god oppleving i ein viktig fase av livet.
Som kokk hos oss blir du ein del av eit solid fagmiljø og eit inkluderande arbeidsmiljø med høg kompetanse. Du får moglegheit til å bruke fagkunnskapen din aktivt, bidra med nye idear og vere med på å utvikle produkt og løysingar som er tilpassa kjøkkenet sin logistikk og produksjonsmetodar, der kvalitet, smak og ernæring står sentralt.
Vi ser etter deg som er engasjert, samarbeidsorientert og har stoltheit i faget ditt. Du blir motivert av å jobbe i team og ønskjer å vere med på å styrkje mattilbodet og skape gode måltidsopplevingar for pasientane våre
Om oss
Hospitaldrift er ei avdeling med rundt 700 medarbeidarar fordelt på sju einingar. Matforsyning har ca. 160 tilsette og forvaltar eit betydeleg driftsbudsjett. Vi arbeider målretta med kvalitet, matglede og vidareutvikling av konseptet “Mat som medisin”, som er eitt av føretaket sine strategiske satsingsområde. Eininga har som hovudoppgåve å ivareta produksjon, utvikling og distribusjon av mat til pasientar, pårørande og tilsette ved Haukeland universitetssjukehus, samt til andre einingar i Helse Bergen og omliggande kommunar.
Hospitaldrift er ei av avdelingane i Drift/teknisk Divisjon i Helse Bergen HF, og leverer ikkje-medisinske tenester og -produkt til føretaket. Hospitaldrift leverer forsyningstenester og varemottak, pasienttransport og andre interne transporttenester, mat til pasientar, pårørande og tilsette, reine tekstilar og senger, dagleg reinhald og andre reinhaldstenester, tryggleikstenester og sentralbordtenester.
03.05.2026
Helse Bergen HF
Kokk med fagbrev
2
Fast
100
5104701650
Arbeidsoppgåver
- Produksjon av nøkkelrådskost og ulike typar spesialkost
- Tilrettelegging og oppveging av råvarer
- Drift av produksjonslinje, inkludert oppstart og innstilling av utstyr
- Pakking- og distribusjon av måltid til interne og eksterne kundar
- Andre varierte oppgåver som naturleg høyrer kjøkkendrift til
Her får du jobbe i eit moderne storkjøkkenmiljø med høg fagkompetanse og tydelege rutinar – og du blir del av eit team som har stoltheit i faget.
Kvalifikasjonar
- Fagbrev som kokk
- Erfaring frå institusjonskjøkken ein fordel, men ikkje eit krav
- grunnleggande datakunnskap
- Kjennskap til IK-mat og HMS
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg(må kunne dokumenterast)
Personlege eigenskapar
- Har god orden og trivst med struktur
- Kan jobbe både sjølvstendig og i team
- Er fleksibel og handterer hektiske periodar på ein god måte
- Er fagleg engasjert og likar å bidra til kvalitet og utvikling
- Jobbar effektivt, planmessig – og tåler fysisk arbeid
Vi tilbyr
- Ein trygg, stabil og meiningsfull arbeidsplass
- Eit triveleg miljø i ein stor og fagleg sterk kjøkkenorganisasjon
- Moglegheit til å bidra i eit viktig arbeid der mat er ein del av behandlinga
- Lønn etter gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Klikk for å leggje til kart
Kontaktinformasjon
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Advertised until:
May 17, 2026
Are you Qualified for this Role?
Click Here to Tailor Your Resume to Match this Job
Share with Friends!
Similar Internships
No similar Intern Jobs at the Moment!