Breakingjournalist Og Visuell Breakingjournalist
Posted on March 5, 2026 by NRK
- Oslo, Norway
- N/A
- Full Time
18.03.2026
NRK
Oslo
Breakingjournalist og visuell breakingjournalist
3
Heiltid
Vikar
100
5090504727
13.04.2026
01.01.2027
Arbeidsoppgåver
Nyheitsdivisjonen omorganiserer og opprettar nye avdelingar og redaksjonar. I avdelinga Breaking og publisering er det ledig ulike vikariat i redaksjonen Breakingdesk:
- Breakingjournalist
- Visuell breakingjournalist
Breakingdesken er NRKs førstelinje og skal sørge for rask respons og presis formidling av nyheiter og hendingar i både Noreg og verda. Vi skal gi oversikt og forklaring frå start, ha riktig informasjon med nødvendig kontekst, slik at publikum forstår og blir opplyst: Først med kva som skjer – og kvifor det skjer.
Redaksjonen har sitt primæroppdrag på NRK.no, men skal også vere ein journalistisk motor i alle breakingsaker – til fordel for resten av NRKs plattformer.
NRK skal no bygge opp eit enda sterkare breakingfagleg miljø som skal ha høg kompetanse på rykk, verifisering, faktasjekk, nyheitsovervaking, metodebruk og tekniske verktøy i den raskaste journalistikken. Det er behov for kreativ og visuell formidling for å vere relevante for brukarane våre. Det er difor viktig å komme seg raskt ut der ting skjer, vere tett på folk og lage unikt innhald – også i breakingjournalistikken.
Vi har ledig ulike vikariat, dei lengste frå 13. april til 1. januar (ein breakingjournalist og to visuelle breakingjournalistar). Vi ser også etter tilkallingsvikarar.
Kvalifikasjonar
For å vere kvalifisert for stillinga må du:
- ha erfaring med løpande nyheitsjournalistikk
- god innsikt i kva som skal til for å treffe publikum og god kunnskap om presentasjon og formidling i ein digital nyheitsflyt
- ha erfaring med og forståing for korleis digitale plattformer og verktøy kan brukast for å fremje breakingjournalistikk
- vere idérik og ha evne til å aktivt jakte neste nyheitssteg
- god skriftleg og munnleg framstillingsevne
- ha god presseetisk vurderingsevne og forståing
Spesielt for stillingane som visuell breakingjournalist:
- ha kompetanse på foto og video i felt
- kunne redigere videoar som fungerer digitalt
-
det er ein stor fordel om du kan verifisere bilete og video, og at du kan grunnleggjande OSINT-metodikk
Personlege eigenskapar
Vi søkjer medarbeidarar som er opptekne av læring og nytenking. Du må vere initiativrik og målretta, god til å byggje tillit og utvikle gode relasjonar i team. Du har ei positiv framtoning og vere ein god lagspelar.
Det er også viktig at du er engasjert på vegner av oppdraget og har lyst at NRK skal levere den beste breakingjournalistikken og at vi utviklar ein kultur der det er lov å prøve, feile og lære. Du må vere god til å samarbeide med andre.
Vi tilbyr
- Ein spennande jobb i eit kreativt miljø med journalistar som brenn for samfunnsoppdraget
- Moglegheita til å prege korleis framtidas nyheitsformidling ser ut
- Ein aktiv arbeidsplass med eit variert arbeidsmiljø
- Gode permisjons- og sjukelønsordningar
- Kunst- og kulturtilbod, bedriftsidrett med over 20 grupper, og sosiale arenaer på tvers av fag og miljø
Kontaktinformasjon
NRK skal styrke demokratiet, samle og engasjere alle som bor i Norge. Våre grunnleggende verdier er åpen, modig og troverdig. For å lykkes med det omfattende allmennkringkasteroppdraget vi har fått, trenger vi medarbeidere med forskjellig erfaring og bakgrunn.
Vil du jobbe sammen med oss for å skape godt og viktig innhold som treffer hele Norges befolkning?
NRK er omfattet av Offentlighetslovens bestemmelser om rett til innsyn i søkerlister. Søker må begrunne eventuelt ønske om unntak. Dersom unntak ikke blir akseptert, vil søker varsles og eventuelt ha mulighet til å trekke sin søknad.
Advertised until:
April 4, 2026
Are you Qualified for this Role?
Click Here to Tailor Your Resume to Match this Job
Share with Friends!
Similar Internships
No similar Intern Jobs at the Moment!