FIND INTERNSHIPS

Driftstekniker I Eit Spanande Arbeidsmiljø Med Varierte Arbeidsoppgåver

Posted on Nov. 27, 2025 by DeepOcean

  • Full Time

Driftstekniker I Eit Spanande Arbeidsmiljø Med Varierte Arbeidsoppgåver
Det Norske Teatret

Kristian IVs gate 8, 0164 Oslo

Om jobben

Stillingstittel
Driftstekniker
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid og kveld, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Er du ein erfaren teknikar som trivst med ansvar, tekniske utfordringar og eit kreativt arbeidsmiljø? Ønskjer du å bruke kompetansen din i eit av Noregs mest ikoniske kulturbygg - midt i hjartet av Oslo? Då vil vi gjerne høyre frå deg!

I rolla som teknikar hos Det Norske Teatret får du ein variert og meiningsfull arbeidskvardag i eit unikt og skapande miljø. Du vil ha fagleg ansvar for teaterets VVS-system og arbeide med drift, tilsyn og vedlikehald av bygget sine tekniske installasjonar. Som ein sentral del av teamet bidreg du til at teateret sitt moderne bygg på 26 000 kvadratmeter fungerer optimalt - både framfor og bak scena.

Arbeidsoppgåvene dine vil mellom anna vere:
Innregulering og vedlikehald av ventilasjonsanlegg

Finne avvik og feil, til dømes mellom SD-anlegget og ventilasjonsanlegget

Prosjektarbeid innan til dømes gjennomgang av trykkluftsystem eller å optimalisere energibruken

Reparasjon og spyling av varme- og kjølebatteri (lodding)

Utskifting og overhaling av pumper, ventil(ar), spjeld og motorventilar

Feilsøking på elektriske system og reparasjon av maskiner og utstyr

For å lukkast i rolla trur vi at du har:
Bakgrunn og erfaring innan VVS

Erfaring med å drifte større lokale

God forståing av tekniske teikningar, skjema og byggeteikningar

Det er ein fordel om du òg har erfaring med brannvarslingsanlegg, styringssystem og digitale verktøy

Gode norskkunnskapar, både munnlege og skriftlege

Vi ser etter deg som er ansvarsmedviten, løysingsorientert og serviceinnstilt. Du arbeider systematisk, har evne til å prioritere under press og trivst med å løyse utfordringar i samarbeid med andre. Du er fleksibel, allsidig og har eit ekte engasjement for faget - og set pris på å jobbe i eit kreativt og meiningsfylt miljø.

Det Norske Teateret tilbyr deg:
Ei spennande og utfordrande stilling i eit unikt og inspirerande arbeidsmiljø

God pensjons- og forsikringsordning

Gode ferieordningar

Tilgang til treningsrom og organiserte tilbod

Gode velferdsordningar

Kollegialt miljø med høg fagleg kompetanse og sterk lagånd

Arbeidstida er 35,5 timar per veke. Stillinga inngår i skiftordning, og det må reknast med noko kvelds- og helgearbeid.

Det Norske Teatret ønsker å spegle samfunnet og oppfordrar kvalifiserte kandidatar som kan auke mangfaldet i organisasjonen vår til å søke.

Velkomen med søknaden din: Vi praktiserer løpande vurdering av søknader, og alle søknader vert behandla konfidensielt. Eventuelle spørsmål kan rettast til rekrutteringskonsulent Jeanett Zara på e-post: jeanett.zara@jobway.no eller telefon: +47 907 52 436.
Kontaktperson for stillingen

Jeanett Zara

Rekrutteringskonsulent

907 52 436

jeanett.zara@jobway.no

Om bedriften

Det Norske Teatret er ein av dei mest markante teaterinstitusjonane i Norden. Med nynorsk som scenespråk, tre faste scenar og eit breitt samfunnsengasjement, skaper teateret nye uttrykk og opplevingar for eit stort publikum. Sidan opninga i 1913 har Det Norske Teatret vore eit kulturelt kraftsenter i Oslo - kjent for sitt modige kunstnariske uttrykk, sitt inkluderande miljø og sitt moderne teaterbygg midt i hovudstaden.

Sektor

Privat

Annonsedata

Stillingsnummer

669d958c-7ac7-4633-bb13-7da3b7ef28ff

Sist endret

27. november 2025

Hentet fra

Stillingsregistrering

Referanse

669d958c-7ac7-4633-bb13-7da3b7ef28ff

Lignende annonser
VVS-tekniker

Driftstekniker VVS

Arbeidsgiver

Det Norske Teatret

Sted

Oslo

Vil du bli fagavdelingsleiar for lydavdelinga ved Det Norske Teatret?

Fagavdelingsleiar for lydavdeling

Arbeidsgiver

Det Norske Teatret

Sted

Oslo

Liker du frisk luft og varme bygg? Bli vår nye servicetekniker.

Servicetekniker ventilasjon

Arbeidsgiver

Voler

Sted

Oslo

Advertised until:
Dec. 27, 2025


Are you Qualified for this Role?


Click Here to Tailor Your Resume to Match this Job


Share with Friends!

Similar Internships


No similar Intern Jobs at the Moment!