Ledig Stilling Som Rådgivar/Seniorrådgivar Innan Internasjonalt Utdanningssamarbeid
Posted on Oct. 18, 2025 by DeepOcean
- Grimbergen, Norway
- N/A
- Full Time

Fortunen 1, 5013 Bergen
Om jobben
Stillingstittel
Ledig stilling som rådgivar/seniorrådgivar innan internasjonalt utdanningssamarbeid
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hybridkontor
Søk senest søndag 2. november
Om stillinga og avdelinga
Vi søkjer ein strukturert og utviklingsretta rådgivar/seniorrådgivar som vil vere med på å styrkje arbeidet med internasjonalt samarbeid innan utdanning og opplæring.
Stillinga er plassert i Avdeling for internasjonalt samarbeid i grunnopplæringa, knytt til Divisjon for arbeidsliv og kompetanse. Vår hovudoppgåve er å bidra til å auke det internasjonale samarbeidet i barnehage, skole, fag- og yrkesopplæring og vaksenopplæring, og til at internasjonalt utdanningssamarbeid vert brukt strategisk for å nå dei utdanningspolitiske måla.
Avdelinga arbeider for at internasjonalt samarbeid skal styrkje kvaliteten og relevansen i utdanning og opplæring. Målet vårt er at utdanninga skal støtte opp under kompetansebehova i arbeidslivet – både i dag og i framtida. Vi ønskjer òg at fleire elevar og lærlingar skal få mogelegheit til utveksling og internasjonal erfaring som ein naturleg del av eigne utdanning og opplæring.
Erasmus+ er verdas største utdanningsprogram og støttar europeisk samarbeid gjennom heile utdanningsløpet. HK-dir har ansvar for å forvalte programmet i Noreg, mellom anna ved å tildele midlar til norske institusjonar og følgje opp prosjekta som vert finansierte. Som ny medarbeidar vil du delta i forvaltinga av Erasmus+ og andre ordningar innan avdelinga sin portefølje.
Avdeling for internasjonalt samarbeid i grunnopplæringa har i dag 26 dyktige medarbeidarar, som held til i Bergen. Stillinga er ledig frå 1.januar 2026, og vil ha kontorstad i Bergen.
Sentrale oppgåver i stillinga vil vere
Programforvalting, eksempelvis søknadsbehandling, administrasjon av tilskot, og oppfølging av pågående prosjekt
Mobilisering og rettleiing av søkjarar og prosjekt for å sikre kvalitet, relevans og strategisk bruk av midlane
Forvalte resultater frå prosjekta og bruke desse til å vidareutvikle rolla til avdelinga som rådgivar, samordnar og pådrivar overfor sektoren
Medverke til oppfølging av strategi og handlingsplan for norsk deltaking i Erasmus+, og til at programmet støtter opp under nasjonal og europeisk utdanningspolitikk
Samarbeid med aktørar i og utanfor Noreg
Kva kvalifikasjonar treng vi?
Du må ha:
relevant høgare utdanning, minimum bachelor eller relevant høgare fagskolegrad. Realkompetanse kan kompensera for utdanningskravet.
god fremstillingsevne i norsk og engelsk, både skriftleg og munnleg
god kompetanse i bruk av digitale verktøy i arbeidssamanheng
relevant arbeidserfaring
Det er i tillegg ein fordel om du har:
god kjennskap til utdannings- og opplæringsfeltet, primært kommunalt eller fylkeskommunalt nivå
erfaring med forvalting og/ eller sakshandsaming
kunnskap om tilgrensande politikkområder, herunder kompetansebehov i arbeidslivet og europeisk utdanningspolitikk
kjennskap til internasjonalt samarbeid, primært nordisk eller europeisk samarbeid
Vi ser etter deg som
har gode samarbeidseigenskapar og kommuniserer godt
jobber sjølvstendig, strukturert og nøye
er analytisk og evner å tileigne deg og nytte ny kunnskap
er engasjert, initiativrik og har god gjennomføringsevne
Hos oss får du
eit uformelt og godt fag- og arbeidsmiljø
høve til fagleg utvikling og kompetanseheving
fleksibel arbeidstidsordning og høve for å arbeid heimefrå delar av arbeidstida
høve til trening i arbeidstida med inntil to timar per veke
høve for mobiltelefonordning
medlemskap i Statens pensjonskasse, med gode pensjons- og lånebetingelsar
Lønsvilkår
lønsplassering etter kompetanse
rådgivar/seniorrådgivar med ei årslønn mellom kr. 600 000 - 800 000
for særs godt kvalifiserte søkjarar, kan høgare løn vurderast
medlemskap i Statens pensjonskasse, med trekk på to prosent til lovfesta pensjonsinnskot
Inkluderande arbeidsliv og mangfald
I HK-dir trur vi at mangfald gir oss breiare perspektiv, og at medarbeidarar med ulik livserfaring og fagkombinasjonar vil gjere oss i stand til å finne enda fleire gode løysningar på våre oppdrag. Vi oppmodar derfor alle til å søke jobb utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkomen til å søke sjølv om du ikkje kan vise til ei samanhengande yrkeskarriere. Vi legg forholda til rette for personar med nedsett funksjonsevne.
Dersom du har funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en kan du verte positivt særbehandla dersom du kryssar av for dette når du søker stillinga. Vi inviterer minst éin kvalifisert søkar i kvar av desse gruppene til intervju. For å verte positivt særbehandla på denne måten, må du oppfylle visse krav. Les meir om dette på arbeidsgjevarportalen. Avkryssing i Jobbnorge gir grunnlag for anonymisert statistikk, som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.
Offentleg søkjarliste
Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan verte offentleggjort sjølv om søkjaren sjølv ber om ikkje å verte ført opp på søkjarliste, jf. Offentleglova § 25. Søkjaren vert i så tilfelle informert om dette på førehand.
Søknad og CV
For å ha eit godt vurderingsgrunnlag ber vi deg om å registrere søknad og utfyllande CV i vår rekrutteringsportal og laste opp relevante attestar og vitnemål. Vi oppmodar deg om å gi tilgang til vitnemålsportalen.
Kontaktperson
Namn: Kristin Amundsen
e-post: kristin.amundsen@hkdir.no
telefon: 958 41 933
Kontaktperson for stillingen
Kristin Amundsen
avdelingsdirektør
+4795841933
kristin.amundsen@hkdir.no
Om bedriften
Direktoratet for høgre utdanning og kompetanse (HK-dir) har eit samla, nasjonalt ansvar for forvaltingsoppgåver innan høgre utdanning, høgre yrkesfagleg utdanning og kompetansepolitikk. Vi er fagleg rådgjevar for Kunnskapsdepartementet, set i verk politikken og samordnar verkemidla. Direktoratet skal bidra til å utvikle kvaliteten i utdanning og opplæring, styrkje det internasjonale samarbeidet og bidra til digital omstilling av universitet og høgskolar.
Vi jobbar for å løfte kompetansen i befolkninga, gjere utdanning og opplæring av høg kvalitet tilgjengeleg for alle heile livet, og sikre arbeidslivet tilgang på kompetent arbeidskraft.
Les meir om HK-dir her
Vi har kontor i Bergen, Oslo, Tromsø og Trondheim.
Sektor
Offentlig
Nettsted
https://www.hkdir.no
Annonsedata
Stillingsnummer
8b02c202-3cf3-4b83-8e85-a373e6d681e0
Hentet fra
jobbnorge
Referanse
10267002
Lignende annonser
Rådgjevar / Seniorrådgjevar internasjonalt kunnskapssamarbeid
Arbeidsgiver
Høgskulen på Vestlandet
Sted
Bergen, Førde, Haugesund, Sogndal, Stord
To ledige stillingar innan IKT-tryggleik
IKT-sikkerhet
Arbeidsgiver
Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse
Sted
Bergen
Rådgjevar for digitalt læringsmiljø
Arbeidsgiver
Høgskulen på Vestlandet
Sted
Haugesund, Bergen, Stord, Sogndal, Førde
Advertised until:
Nov. 17, 2025
Are you Qualified for this Role?
Click Here to Tailor Your Resume to Match this Job
Share with Friends!
Similar Internships
No similar Intern Jobs at the Moment!