Vil Du Jobbe Med Internkommunikasjon Og Visuell Kommunikasjon?
Posted on Oct. 30, 2025 by DeepOcean
- Grimbergen, Norway
- N/A
- Full Time
Krinkelkroken 1, 5014 Bergen
Om jobben
Stillingstittel
Kommunikasjonsrådgjevar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hybridkontor
Søk senest lørdag 15. november
Har du erfaring med internkommunikasjon og visuell formidling? Hjå oss får du jobbe kreativt og strategisk med å gjere kommunikasjonen vår tydeleg, tilgjengeleg og effektiv – og med visuelle uttrykksformer for å formidle komplisert jus og medisin. Du får vere med i heile prosessen, frå idé til utvikling, testing og publisering.
Arbeidsoppgåvene dine vert mellom anna å
vere redaktør for intranettet vårt
skrive tekstar til ulike kanalar
ta og redigere bilete
lage illustrasjonar, film og/eller animasjonar
ha ansvar for skjemaløysinga og lage brukarvenlege skjema
jobbe med malar og sikre at dei er universelt utforma
visuelt utforme årsrapportar og andre publikasjonar
bidra med anna kommunikasjonsfagleg arbeid
Det kan kome endringar i arbeidsoppgåvene.
Denne kompetansen og erfaringa ser me etter
For å bli vurdert til stillinga må du ha
minimum bachelor innan eit relevant fagområde (lang og særleg relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet)
minst tre års erfaring frå liknande arbeid
god digital kompetanse og kjennskap til brukaropplevingar på nett
særs gode norskkunnskapar både skriftleg og munnleg
Me ynskjer at du òg har
jobba med oppbygging av digitale tenester
leia utviklingsarbeid eller prosjekt
erfaring med SharePoint og program som Adobe Illustrator, InDesign, Premiere Pro og Photoshop
stor gjennomføringsevne, er løysingsorientert og tek initiativ
gode samarbeidsevner, men du er òg vane med å jobbe sjølvstendig
Me legg stor vekt på at den som vert tilsett, er godt personleg eigna for stillinga.
Kvifor skal du velje oss som din neste arbeidsgjevar?
Nasjonalt klageorgan for helsetenesta sikrar pasient- og rettstryggleiken til dei som brukar helsetenestene, og rettstryggleiken til dei som jobbar i helsetenestene. Det gjer me ved å overprøve vedtak i over 100 ulike sakstypar frå 32 offentlege institusjonar.
Vurderingane våre er viktige for både livssituasjonen til enkeltpersonar og interessene til fellesskapet i offentleg finansierte og velfungerande helsetenester. Du kan lese meir om oss på helseklage.no.
Hjå oss får du
jobbe i eit godt og inkluderande arbeidsmiljø som er prega av trivsel, engasjement og arbeidsglede
vere ein del av eit fellesskap som deler kunnskap og erfaringar
ein arbeidsgivar som er oppteken av heile mennesket og har ein god personalpolitikk med balanse mellom jobb og fritid
gode arbeidstidsordningar med fleksitid, betalt lunsjpause, ein time trening i arbeidstida per veke og moglegheit for heimekontor
jobbe i moderne lokale midt i Bergen sentrum og ete lunsj i ei Søtt + Salt-kantine
sykkelgarasje og garderobar
tilbod om å vere med på sosiale aktivitetar, for eksempel fredagsquiz, utflukter, fjellturar, lønningstreff og stafettlag i Bergen City Marathon
Du vert lønna som rådgjevar/seniorrådgjevar, avhengig av kompetansen og erfaringa di.
Våre tilsette er medlem i Statens pensjonskasse og får gode pensjons-, låne- og forsikringsordningar. To prosent av løna di går til pensjonsordninga. Dei fyrste seks månadene vert rekna som prøvetid.
Les dette før du søkjer
Du må sende søknaden og laste opp relevante vitnemål og attestar i rekrutteringsportalen.
Inkludering og mangfald er ein styrke, og gjer at me kan løyse samfunnsoppdraget vårt endå betre. Difor ynskjer me oss medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv.
Dersom du har funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppfordrar me deg til å krysse av for dette i jobbsøkjarportalen. Dersom det er kvalifiserte søkjarar i desse gruppene, kallar me inn minst ein søkjar i kvar gruppe til intervju. Avkryssinga vert berre brukt til å velgje ut riktige kandidatar og i anonymisert statistikk.
Les meir om positiv særbehandling på arbeidgiver.dfo.no.
Søkjarlista er offentleg. Dersom du ikkje ynskjer å stå på lista, må du grunngje ynsket ditt. Me tek kontakt med deg dersom me ikkje kan skjule namnet ditt.
Kontaktinformasjon
Marit O. Øvregård, kommunikasjonsansvarlig, +47 986 76 990
Hilde-Kristin Enehaug, avdelingsdirektør, +47 938 67 284
Arbeidssted
Krinkelkroken 1
5014 BERGEN
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Nasjonalt klageorgan for helsetjenesten (Helseklage)
Referansenr.: 5034880975
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 16.11.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Hilde-Kristin Enehaug
avdelingsdirektør
+47 938 67 284
Marit O. Øvregård
kommunikasjonsansvarlig
+47 986 76 990
Om bedriften
Nasjonalt klageorgan for helsetjenesten er et forvaltningsorgan under Helse- og omsorgsdepartementet. Vi er et av Norges største fagmiljøer innen erstatningsrett, helserett, forvaltningsrett, EU/EØS-rett og prosedyre, og Bergens største samlet fagmiljø for jurister. Faglig styrke, engasjement, respekt og evne til å være dynamisk gjenspeiler virksomheten og verdiene våre. Du finner mer informasjon om oss på www.helseklage.no.
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Stillingsnummer
9f0ce646-60db-41d4-9fe4-295e908b3640
Sist endret
28. oktober 2025
Hentet fra
talentech
Referanse
ced97bc9ac7045d6895144a6dedd765f
Lignende annonser
Innholdsprodusent
Arbeidsgiver
Pasient- og brukerombudet Vestland, kontor Bergen
Sted
Bergen
Ønsker du å designe gode løsninger for virksomheter med viktige samfunnsoppdrag?
Bouvet søker erfarne designere
Arbeidsgiver
Bouvet
Sted
Bergen
Kommunikasjons- og innholdsprodusent - internasjonal profilering og sosiale medier
Kommunikasjons- og innholdsprodusent
Arbeidsgiver
Den nasjonale filmkommisjonen
Sted
Bergen
Advertised until:
Nov. 29, 2025
Are you Qualified for this Role?
Click Here to Tailor Your Resume to Match this Job
Share with Friends!
Similar Internships
No similar Intern Jobs at the Moment!