FIND INTERNSHIPS

Assistent I Operasjonsavdeling

Posted on July 10, 2026 by Helse Bergen

  • nan

Assistent I Operasjonsavdeling

Om stillinga

Er du vår nye kollega?

Kirurgisk Serviceklinikk (KSK), er den største somatiske klinikken i føretaket med ansvar for store delar av tilbodet innan operasjon, anestesi, intensivbehandling og akuttmedisin på Haukeland universitetssjukehus. Over 1400 tilsette arbeider i klinikken pr.dags dato. Sterilforsyning og støtteavdelinga er ei stor avdeling i KSK med tre seksjonar. Vi er ei attraktiv avdeling på tre seksjonar som gir tenester av høg kvalitet for å sikre at helsepersonell i pasientbehandling opplever ein god logistikk av vare- og utstyrsflyt.
Vi gir tenester av høg kvalitet for å sikre at helsepersonell der Støtte SOP er ein av de tre seksjonar som gir service og support til ei av Noregs største operasjonsavdelingar og vi har følgande ledige stillingar:


  • 2 x 100% faste assistenter. Pt 3-delt turnus med kvar 4 eller 5 helg


Oppgåvene våre er varierte og du får arbeide med svært kompetente kollegaer.
Ein må vere førebudd på allokering av personell til andre seksjonar i avdelinga.

Nøkkelinformasjon
Søknadsfrist:

06.08.2026

Arbeidsgivar:

Helse Bergen HF

Stillingstittel:

Assistent i operasjonsavdeling

Stillingar:

2

Heiltid / Deltid:

Heiltid

Tilsetjingsform:

Fast

Stillingsprosent:

100

Webcruiter-ID:

5154926411

Startdato:

01.09.2026

Del på X


Del på Facebook

Arbeidsoppgåver

Assistent- per dags dato:

  • Reingjering og desinfeksjon av operasjonstover og andre reinhaldsoppgåver
  • Rengjering og desinfisering av medisink gjenbruksutstyr
  • Bestille, motta og forsyne avdelinga med forbruksvarer
  • Sørge for å halde god vareflyt gjennom dagen og bidra til å redusere risiko for "flaskehalsar"
  • Rullering på ulike einingar må påreknas
  • Arbeidsoppgåver kan bli endra i takt med utvikling.

Kvalifikasjonar

  • Gjennomført vidaregåande skole
  • Det er ønskeleg med erfaring frå relevant servicearbeid
  • Du må kunne navigere i både web, outlook og word (enkle office program/ microsoft 365)
  • Du må meistre norsk godt, både skriftleg og munnleg. Ikke nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2- nivå
  • Du skal aktivt medverke til å skape eit godt og sikkert arbeidsmiljø

Personlege eigenskapar

  • Du har motivasjon og interesse for fagfelta
  • Du bidrar positiv til eit fagleg og kollegialt godt miljø
  • Du arbeider målretta og strukturert
  • Du har høg arbeidsmoral
  • Du er punktleg og påliteleg
  • Du kan å arbeide i team, men også sjølvstendig
  • Du må vise evne til fleksibilitet, sjå løysingar og arbeide sikkert, raskt og nøyaktig
  • Du må trivast i eit aktivt og travelt arbeidsmiljø med til tider høgt tidspress
  • Du har evne til å ta til deg læring og medverke til ei god fagleg utvikling hjå deg sjølv så vel som for teamet
  • Du er engasjert og tolerant og evnar å samarbeide med dine kollegaer og oppdragsgivar
  • Du trivst mellom folk og deler erfaringar med andre
  • Du er i god fysisk form
  • Du kommuniserer og samarbeider godt med kollegaer
  • Personleg eignetheit blir lagt særleg vekt på

Vi tilbyr

  • Opplæring i alle våre system
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst for stillinga
  • Kompetente kollegaer i eit herleg tverrfagleg arbeidsmiljø
  • Mentor i opplæringsperioden
  • Kurs jmf. sjukehuset si kursportefølje


Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.




Adresse:
Haukelandsveien 22, 5021 Bergen, Norge

Klikk for å leggje til kart


Kontaktinformasjon

Pia Flatebø
Seksjonsleiar
Telefon:
+47 55970680

Om arbeidsgivaren

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.


Advertised until:
Aug. 9, 2026


Are you Qualified for this Role?


Click Here to Tailor Your Resume to Match this Job


Share with Friends!

Similar Internships


No similar Intern Jobs at the Moment!