FIND INTERNSHIPS

Sjukepleiestudent/ Medisinstudent

Posted on Dec. 3, 2025 by Helse Bergen

  • Part Time

Sjukepleiestudent/ Medisinstudent

Om stillinga

Ønsker du å vere med å vidareutvikle det spesialiserte palliative tilbodet ved Haukeland universitetssjukehus? Vi har ledig 1 x 20% fast helgestilling i todelt turnus for sjukepleiar-/ medisinstudent ved palliativ sengepost.

Palliativt senter består av palliativ sengepost og palliativt team, og er ein del av Smerte- og palliasjonsavdelinga (SMEPA) i Kirurgisk serviceklinikk (KSK). Vi søker etter deg med erfaring frå, og/eller interesse for arbeid med palliative pasientar, og som vil bli kjend med dette fagområdet. Palliativt senter har regionsfunksjon innan behandling av pasientar med behov for spesialisert palliasjon/lindrande behandling.

Vårt mål er å gje best mogleg symptomlindring, pleie og omsorg for pasientar med uhelbredeleg sjukdom. Lindring av smerte og andre symptom står sentralt, saman med tiltak retta mot psykiske, åndelege og eksistensielle behov - samt ivaretaking av pårørande. I det palliative senteret legg vi stor vekt på tverrfagleg samarbeid.

Nøkkelinformasjon
Søknadsfrist:

16.12.2025

Arbeidsgivar:

Helse Bergen HF

Stillingstittel:

Sjukepleiestudent/ Medisinstudent

Stillingar:

1

Heiltid / Deltid:

Deltid

Tilsetjingsform:

Fast

Stillingsprosent:

20

Webcruiter-ID:

5048950029

Del på X


Del på Facebook

Arbeidsoppgåver

  • Pleie til pasientar ved palliativ sengepost
  • Praktiske oppgåver knytt til dagleg drift i sengeposten
  • VI har etablerte arbeidsrutiner for assistentar i pleie ved sengeposten

Kvalifikasjonar

  • Vi søker etter sjukepleiestudentar og medisinstudentar med pleieerfaring
  • Må meistre norsk flytande, munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Du har interesse og motivasjon for fagområdet
  • Du har gode kommunikasjonsevner
  • Du er ansvarsbevisst og kan vere fleksibel i arbeidssituasjonen
  • Du har evne til å vere lydhøyr overfor pasientar og pårørande som er i ein krevande livssituasjon
  • Du kan jobbe sjølvstendig og på eige initiative
  • Du følger opp delegerte oppgåver
  • Du søker aktivt råd og rettleiing og kjenner eiga kompetansegrense

Vi tilbyr

  • Eit spennade tverrfagleg arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse
  • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar


Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.




Adresse:
Haukelandsveien 22, 5021 Bergen, Norge
(i ny fane)

Kontaktinformasjon

Monika Kvamme
Seksjonsleiar
Telefon:
+47 41701778
Telefon:
+47 91668105
E-post:
monika.kvamme@helse-bergen.no

Om arbeidsgivaren

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.


Advertised until:
Jan. 2, 2026


Are you Qualified for this Role?


Click Here to Tailor Your Resume to Match this Job


Share with Friends!

Similar Internships


No similar Intern Jobs at the Moment!